Hopp til hovedinnhold

Kantina

To elevar skal handle i kantina

Kantina er den naturlege samlingsstaden for deg som elev.

Den er ope alle skuledagar mellom kl. 08:00 - 14:10. 
Salatbaren er klar frå kl. 10:00 og vi tilbyr varm mat kvar tysdag og torsdag.
Vi legg ut menyen på inforskjermane kvar mandag.

Det er Magnar Fjetland som er kantinebestyrar på skulen.
Kantina er stengt når det er elevfri ved skulen.  

Meny

  • Påsmurt med ulikt pålegg
  • Meieriprodukt
  • Salatbar (tilgjengeleg frå kl. 10:00)
  • Frukt
  • Varme rettar 
  • Is (april-august)
  • Bakst

I kantina kan du få kaldt vatn frå automat og fylle på eiga vatnflaske.

Betaling

Du kan betale med kort eller kontant.

Gratis skulefrukost

Elevane våre får gratis skulefrukost i kantina kvar dag mellom kl. 07:45-08:15. 
Vi varierer mellom brødskiver, med eit godt utval av pålegg, cornflakes og havregraut.
I tillegg får du juice og melk.

Middag etter skuletid

Vi tilbyr alle elevane til å ete middag etter skuletid ein gong i veka. Middagen vert servert frå kl. 15:15. Det må vere minimum 5 personar som melde seg på. Det gjer du i kantina dagen før.  Miljøkoordinator Kristin legg ut menyen, og dag for middag, på teams. 
Pris kr 50,- og det er bindande påmelding.  

Du kan bidra til eit godt kantinetilbod

Det gjer du ved å bruke kantina og ikkje reise på butikken og handle i friminutta.

Du må gjerne kome med innspel om det er noko dei ønskjer kantina skal lage eller selje. Ta kontakt med Magnar eller ta det opp i elevrådet.

For at kantina skal vere ein hyggeleg stad å vere, ønsker vi at alle brukar miljøstasjonane og ryddar etter seg.  På Høyanger vgs. sorterar vi matavfall.  Vi vart miljøsertifisert forrige skuleår.

Kontaktinformasjon

Magnar Johan Fjetland

kantinestyrar
Magnar.jpg