Hopp til hovedinnhold

Internasjonalisering

Erasmus+ sin logo som er eit blått flagg med gule stjerner i ein sirkel

Internasjonalisering ved Høyanger vidaregåande skule står støtt og har ein sentral plass i skulelivet.

Internasjonalt arbeid ved skulen

Samarbeid med andre er viktig. Både samarbeid med andre skular, men også samarbeid med næringsliv og organisasjonar, og ikkje minst samarbeid med partnarar internasjonalt.

Ved HVGS ønsker vi å gjere elevane våre bevisste på spesielt to ting; a) Europa kan vere din framtidige studieplass og/eller arbeidsplass og b) erfaring frå samarbeid med andre gir eit nytt perspektiv på eigen kvardag.

Vår vesle distriktsskule har kort veg ut i Europa. På ein liten skule vil det også opne seg moglegheiter for at ein større prosentdel av elevgruppa kan ta del i arbeid og mobilitet rett og slett fordi det organisatoriske og administrative rundt samarbeidet vil vere meir oversiktleg. Slik skulen ser det vil det også vere viktig å involvere alle elevane i for eksempel eit kull eller i eit fag fordi eit internasjonalt samarbeid vil vere en del av skulekvardagen.

Ved å ta ei aktiv rolle skal elevane utvikle seg både fagleg og personleg til å bli godt førebudde til arbeidsliv, vidare studium og eit aktivt samfunnsliv. Dette gjeld også for lærarane. Gjennom erfaring med internasjonalt arbeid vil dette i seg sjølv gi ein ekstra dimensjon til eige arbeid på eigen skule.

Samarbeid med andre er viktig. Både samarbeid med andre skular, men også samarbeid med næringsliv og organisasjonar, og ikkje minst samarbeid med partnarar internasjonalt.
Ved Høyanger vgs. ønsker vi å gjere elevane våre bevisste på spesielt to ting;

1) Europa kan vere din framtidige studieplass og/eller arbeidsplass.
2) Erfaring frå samarbeid med andre gir eit nytt perspektiv på eigen kvardag.

Vår vesle distriktsskule har kort veg ut i Europa. På ein liten skule vil det også opne seg moglegheiter for at ein større prosentdel av elevgruppa kan ta del i arbeid og mobilitet, rett og slett fordi det organisatoriske og administrative rundt samarbeidet vil vere meir oversiktleg.

Fakta-boks
 

Høyanger vidaregåande skule er aktivt engasjert i internasjonale prosjekt for å fremje global forståing og samarbeid. Skulen deltek i ulike utvekslingsprogram og samarbeider med skular i fleire europeiske land.
Gjennom Erasmus+ programmet deltek Høyanger vgs i prosjekt som “We are the people we have been waiting for”. Dette gir både lærarar og elevar moglegheita til å delta i internasjonale møter, forelesingar, ekskursjonar og kulturelle utvekslingar.  Dette skuleåret vitjar elevar desse landa: Baskerland, Tyskland, Danmark og Italia.

Verdiar og erfaringar

  • Kulturell forståing: Elevane får innsikt i andre kulturar og samfunn, noko som fremjar toleranse og respekt.
  • Språkferdigheiter: Deltaking i internasjonale prosjekt styrker elevane sine språkferdigheiter og kommunikasjonsevner.
  • Samarbeid: Elevane lærer å samarbeide med jamnaldrande frå andre land, noko som utviklar deira evne til å jobbe i team.
  • Personleg vekst: Internasjonale erfaringar bidreg til elevane si personlege utvikling og sjølvtillit.
  • Organisatorisk utvikling: Skulen som organisasjon dreg nytte av internasjonalt samarbeid ved å utveksle beste praksis og innovative undervisningsmetodar.

Slike aktivitetar gir både elevar og skulen verdifulle erfaringar som bidreg til eit meir inkluderande og globalt orientert læringsmiljø.

Kontaktperson

Erlend har hatt ansvar for internasjonalisering ved Høyanger vgs. i snart 10 år og har god erfaring og kunnskap innanfor dette feltet. 

Erlend Skreien

avdelingsleiar stud. spes. / Lærar
71d4c9ec-ac63-421a-a511-b2c488101b3f.jpg