Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Dei har teieplikt og tenesta er gratis.
Skulen fekk på plass helsesjukepleiar i januar 2026. Oda Vadheim vert å treffe på skulen tysdagar og nokre fredagar. Dag og tid finn du på inforskjermane og på teamskanalen V-HOY Alle HVGS.
Helsestasjon for ungdom (HFU).
- HFU er eit tilbod til ungdom i alderen frå 13 til 20 år
- Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag frå kl. 14:30 til 16:30.
- Det er mogleg å snakke med helsesjukeplaiar, jordmor og lege. Du treng ikkje tinge time på førehand og tilbodet er gratis.
Du finn dei i 2. etasje på Høyanger Helsesenter som ligg i Storgata 8.
Telefon: 57711612
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt.
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Alle du møter på helsestasjonen har teieplikt.
