Kva skjer på skulen vår?
Høyanger vgs. legg opp til ulike aktivitetsdagar i løpet av skuleåret. På hausten tar vi elevane med på fjellet, før jul arrangerer vi volleyballturnering og siste veka før sommarferien har vi felles avslutning med grilling og ulike aktivitetar.
I tillegg arrangerer elevrådet skuleball siste veka før juleferien.
I kantina er det sett opp to TV-skjermar til to PS4 spel og skulen har ulike brettspel som du kan låne.
Miljøkoordinator
Kristin Viksøy Sande er tilsett som miljørettleiar i 50%. Ho har kontor mellom biblioteket og kantina. Ho vil arrangere ulike aktivitetar. Kristin kan nåast på tlf. 907 70 827
Open skule
Kristin vil forsette med open skule dette skuleåret. Her vil ho tilby ulike aktivitetar på ettermiddagstid omlag ein dag i veka. EIn onsdag i månaden vert det gratis middag for deg som bur på hybel. Det kjem oppslag og du må melde deg på.
Dette kan du gjere på open skule:
- Skulearbeid
- Spele rettspel
- Filmkveld i auditoriet
- Øving på musikkscena
- "Henge" med vener
- Gjere skulearbeid
- Matlaging
- Bruke reodorgarasjen
Kantina
Magnar Fjetland som arbeider i kantina sørger for at du får gratis skulefrukost kvar morgon mellom kl. 07:45-08:15 I tillegg lagar han varm mat to gonger i vekaa. Sjå info på infoskjermane ang dagar for middag og meny.
Skulekantina Høyanger vgs.
Politi på skulen
Politiet i Høyanger vil ha kontortid på skulen ein dag kvar femte veke. Dette for å bygge relasjon med deg som ungdom. Høyanger lennsmannkontor er med i eit prosjekt som heiter innbyggjarstemmen som skal analysere korleis politiet skal arbeide for å møte innbyggjarane sine behov, krav og forventningar.
Vi legg ut på infoskjermane når dei er på skulen.
Det er viktig for skulen og skuleigar at du som elev har eit trygt og godt skulemiljø. Dersom du ikkje er nøgd med skulen sitt arbeid ut i frå aktivitetsplikta, er det utarbeida ein rutine som du og dei føresette skal følgje.
Her finn du informasjonbrev frå Vestland fylkeskommune om saka.
