Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elevar og lærar står ved ei sjukeseng

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

I Høyanger kan du gå vg1 helse og oppvekst og vg2 helsearbeidarfaget.  Det skjer mykje spanande i dette faget.  Skulen har dei seinare åra kjøpt inn mykje nytt utstyr for gje den beste opplæringa.  Begge klassane er ute i praksis og vg2 klassen deltek i Eramsus+  og får hospitere i to veker på EUC Syd, ein skule sør i Danmark.

Høyanger vgs. tilbyr 2-åreg utdanning

Vg1 Helse og oppveskt

Du lærer

  • om helsefremjande arbeid
  • om fysisk og psykisk helse
  • om korleis kroppen er bygd opp
  • om kommunikasjon og samhandling
  • om utviklinga til barn og unge
  • om kost, ernæring og hygiene


Du bør vere

  • omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
  • flink til å kommunisere
  • god til å samhandle med andre

Du kan bli

  • helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
  • aktivitør eller eller barne- og ungdomsarbeidar
  • apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
  • hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar

Sjå alle yrke og kompetansar på Vilbli.no

Arbeidsstader

  • sjukehus eller heimeteneste
  • barnehagar eller skolefritidsordningar
  • apotek, tannlege- eller legekontor
  • fot- eller hudpleiesalongar

 

Vg 2 Helsearbeiarfag

Som helsefagarbeider jobber du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. I dette faget lærer du å gje omsorg, grunnleggande sjukepleie, miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta.

Aktuelle arbeidsstader etter endt utdanning er mellom anna sjukeheimar, sjukehus, heimeteneste, aktivitetssenter, bu- og servicesenter

Vg2 Helsearbeiderfag har følgande programfag:

Helsefremjande arbeid
Du lærer du om livsstil, kosthald, fysisk og psykisk helse og livskvalitet.

Kommunikasjon og samhandling
Du lærer du om kommunikasjon og samarbeid mellom pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper

Yrkesliv i helsearbeiderfag
Du lærer du om kva krav og utfordringar du møter i arbeidslivet som helsefagarbeider.

Yrkesfagleg fordjuping
I dette faget vert du kjent med fagområde som byggjer på vg2 helsearbeiderfag og du får vere ute i praksis to periodar.  Elevane ved Høyanger vgs er ute to veker på hausten og to veker på våren

Ved fullført vg2 helsefagarbeiar er du kvalifisert for å søkje vidare opplæring i;

  • bedrift i Helsefagarbeiderfaget
  • bedrift i Portørfaget

Dersom du ikkje vil bli lærling kan du ta vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Les meir om vegen vidare på vilbli.no
Du søkjer skuleplass på vigo.no

Elev i klasserom

Catalina gjekk frå vg2 til lærling

Etter to år som elev ved Høyanger vgs. valde Catalina å søkje læreplass.  Ho er no lærling på Kyrkjebø sjukeheimen i Høyanger kommune.