Hopp til hovedinnhold

Elevkort

Pocket-ID sin logo

Skal du få rabatt på kollektiv reise må du bevise at du er elev ved ein vidaregåande skule.

Høyanger vgs. brukar ei digital løysing som heiter PocketID
Du må sjølv laste ned Pocket ID via AppStore eller GooglePlay på din private mobil. Bruk din private Feide ID for å logge deg på på løysinga (e-xxxxxx). Du skal og velje foto som er teken av deg på skulen. Desse er tilgjengeleg så snart vi har teke bilete av nye elevar. Dette prøver vi å få til rundt skulestart.

Vi treng samtykke av deg som elev at vi kan nytte bildet vi tek i PocketID løysninga og i VIS (Visna In School).  Når du signerar avtalen, som er digital, gir du samtidig samtykke til at skulen kan nytte bilete av deg på heimesida og på Facebook-sida til Høyanger vgs. Vil du vite meir kan du ta kontakt med kontoret på Høyanger vgs.
Her er link til samtykkeskjema.

Slik vel du foto i PocketID løysinga