Kamp

Volleyballturneringa 2017

Den årelege volleyballturneringa for Høyanger vgs og Høyanger norsksenter vart arrangert tysdag 19. desember.  Turneringa er for både elevar og tilsette, og i år var det heile 20 påmelde lag derav ti gutelag, fire mikslag og seks jentelag.  

Det var spelt over 70 kampar fra kl. 08:30 til kl. 16:00. 
3STA vant jenteklassen i ein uhyre spanande finale mot frisørene (2FRA).  Under premieutdelinga tok jentene i 3STA fram frisørklassen fordi «begge laga var vinnarar» - veldig fint gjort!  3STA vant også guteklassen. Dei møtte eit av lærarlaga i finalen. Ein fortent siger!

Gratulerer til alle som deltok og til dei som vant!

Elevar og tilsette som ikkje spelte deltok i ulike funksjonærrollar.  Tusen takk til alle som var med å gjere dette til enda ein strålande dag ved Høyanger vgs!

Til slutt må vi takke kroppsøvingsseksjonen som kvart år står som arrangør.  De er gode!

Vinnar av jenteklassen f.v; Camilla, Viktoria, Karen, Amalie og Susanne. Katrine som og var med på laget er ikkje med på bilde. Fotograf: Agnethe. 

Vinnarlaget