Høyanger vidaregåande skule
Illustrasjon dokument

Vitnemål og kompetansebevis

Ta godt vare på vitnemålet og kompetansebeviset som du fekk siste skuledagen.

 

Viktig info til elevane våre

Begge dokumenta er verdipapir.  Desse må ein ikkje gi i frå seg.  Ta difor alltid kopi. Sjå til at kopien er stempla med "rett kopi" og at den er signert. Ver merksam på at det berre er offentlege instansar som kan ta kopiar, som feks, skular eller lensmannskontor.

Kontoret ved Høyanger vgs. hjelper deg med kopiar og stemplar om du ønskjer dette.

Er ein uheldig og mistar originaldokumentet kostar det kr 300,- å få nytt.
 

Gjeld vitnemålet

Alle vitnemål vert automatisk sendt til nasjonal vitnemåldatabase (NVB). Her vert dei omgjort til ein elektronisk kopi.  NVB er del av eit system i Samordna opptak og databasen inneheld dei fleste vitnemål frå offentlege vidaregåande skular.  

Meir om NVB

GOD SOMMAR!

Helsing Unni og Reidun