Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg2 Industriteknologi
Elev arbeider på dreiebenk

Adrian

Vg2 industriteknologi

Innanfor industriteknologi er det svært mange fagutdanningar. Faget fører deg fram til ulike jobbar i industri og serviceverksemd både landbasert og offshore. Du må like å lage og montere ting, reparere og setje i drift, overvake prosessar og liknande.

Programområdet produksjons- og industriteknikk skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar. Faget skal bidra til å utvikle kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar. Faget skal fremje heilskapleg forståing av produksjonsprosessar, helse, miljø og tryggleik, og legge grunnlaget for å tenkje tverrfagleg.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ståle Walsvik
Avdelingsleiar yrkesfag
stale.walsvik@sfj.no
57 63 77 81 / 993 98 989