
Foto: Focus UB
Vg1 helse og oppvekst
Er du omsorgsfull, flink til å kommunisere og samhandle med andre? Med ei utdanning innan helse- og oppvekstfag kan du arbeide innanfor ei rekkje serviceyrke der menneske står i sentrum.
Du lærer
• om helsefremjande arbeid
• om livsstilsjukdommar, skadar og lidingar
• om barn og unge si utvikling
• om kost, ernæring og hygiene
• om kommunikasjon og sosial kompetanse
Du bør vere
• omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
• flink til å kommunisere
• god til å samhandle med andre
Du kan bli
• helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
• barne- og ungdomsarbeidar
• apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
• hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar
Arbeidsstader
• sjukehus eller heimeteneste
• barnehagar eller skolefritidsordningar
• apotek, tannlege- eller legekontor
• fot- eller hudpleiesalongar
Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Etter vg2 er det to års læretid. Deretter kan du gå ut i yrkeslivet, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.