Bilete syner elev som lærer om kroppens oppbygnad

Foto: Focus UB

Vg1 helse og oppvekst

Er du omsorgsfull, flink til å kommunisere og samhandle med andre?  Med ei utdanning innan helse- og oppvekstfag kan du arbeide innanfor ei rekkje serviceyrke der menneske står i sentrum.

Du lærer
• om helsefremjande arbeid
• om livsstilsjukdommar, skadar og lidingar
• om barn og unge si utvikling
• om kost, ernæring og hygiene
• om kommunikasjon og sosial kompetanse

Du bør vere
• omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
• flink til å kommunisere
• god til å samhandle med andre

Du kan bli
• helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør
• barne- og ungdomsarbeidar
• apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær
• hudpleiar, fotterapeut eller ortopediteknikar

Arbeidsstader
• sjukehus eller heimeteneste
• barnehagar eller skolefritidsordningar
• apotek, tannlege- eller legekontor
• fot- eller hudpleiesalongar
 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om Helse- og oppvekstfag og mulegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ståle Walsvik
Avdelingsleiar yrkesfag
stale.walsvik@sfj.no
57 63 77 88 / 993 98 989