Høyanger vidaregåande skule/Om oss/Slik jobbar vi/Verdiar

Verdiar

Vår visjon er: "Samhandling - Læring - Internasjonal kompetanse"

Skulen skal vere ein arena der elevane føler seg trygge, trivast og læring står i sentrum.

Elevane skal få vidareutvikle kunnskapane, dugleiken og haldningane sine i eit miljø som er prega av mangfald.

Vi har og i fleire år jobba med internasjonale prosjekt der elevar og lærarar har samarbeidd om ulike tema.

Ved å ta ei aktiv rolle skal elevane utvikle seg både fagleg og personleg til å vere godt førebudd til eit arbeidsliv, vidare studiar og til eit aktivt samfunnsliv.

Vi er ein liten skule med eit tilbod som er retta mot næringslivet. Vi ønskjer å vere ein utviklingsaktør gjennom eit tett samarbeid med lokale og regionale bedrifter.

Tilsette og elevar har i lag utarbeidd «slik vil vi ha det» dokument som omhandlar alt frå orden til korleis vi skal ta vare på kvarandre for å ha eit godt arbeidsmiljø for alle.

Tips ein ven Skriv ut