Logo Hvgs

Velkomen til skulestart ved Høyanger vgs

Første skuledag er måndag 17. august

Elevane møter kl. 08.30

Alle nye elevar, Vg2 helsefagarbeidar og elevar på påbygg møter i kantina.

Elevane på Vg2 og Vg3 studiespesialiserande møter klasseromma sine. Nytt inngang ved tannklinikken.

R-2406  2STA
R-2404  3STA

Elevane på Vg2 elenergi og industriteknologi møter utanfor verkstaden i hesteskoen.

Beredskapsnivået vi no har er omtalt i Udir sin rettleiar som gult nivå. Opplæringsdirektøren har understreka at skulane skal planlegge for oppstart og drift av ein skulekvardag som i størst mogleg grad er prega av normalitet. Vi må likevel ta omsyn og skulen har difor utarbeida eigne smittevernreglar for hausten 2020.  Kvar og ein må setje seg inn i desse.

Smittevernreglar Høyanger vgs.

Vel møtt!