Norske parti

Norske parti

Valtorg og skuledebatt

Oppsummering av debatten

Sju parti deltok i årets skuledebatt på Høyanger samfunnshus. Kvart parti starta med eit kort innlegg der dei fortalde litt om eigen politikk. Etter ei kort replikkrunde var det elevane sin tur å stille spørsmål. Salen var nesten heilt full, og mange ønska å stille spørsmål til ungdomspolitikarane. Elevane hadde førebudd seg godt, og dei stilte varierte og interessante spørsmål.  Dei fekk også gode svar!

Møteleiar Kjell Erik og tidtakar Trygve gjorde ein svært god jobb.

Debatten vart avsluttinga med eit siste innlegg av kvart parti. Etter debatten stilte dei også opp for å svare på spørsmål på stand i festsalen.

ungdomspartia  Ordstyrarar

Elevane skal gjennomføre skuleval tysdag 5. september.  Det skjer på skulebiblioteket.  
Ansvarlege for valet er 2STA/matematikk 2P.  Dei kjem rundt og henter klassevis.
 

Orientering til fyrstegongsveljarar:

5. september i 5. time – frå 12.20 – 13.10 vert det orientering for fyrstegongsveljarar i auditoriet v/ Petter Sortland og Rita Flaten frå valstyret.
Alle som er røysteføre, dvs. fyller 18 år i 2017, blir då fritekne frå vanleg undervisning og møter på auditoriet.