www.hoyanger.vgs.no

Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Vakker song i skulekantina

På skulen har vi mange ulike talent. Onsdag 13. februar fekk vi ein smakebit i matpausen frå ein av dei.

Jasmin Jørgensen er elev på frisørlinja. Saman med lærarbandet sang ho ein vakker ballade av Harry Styles. 


Dette var og ein smakebit for det som skulle skje på samfunnshuset seinare på ettermiddagen, nemlig UKM.  Her var Jasmin med, i lag med andre dyktige elevar frå skulen vår. Elevane deltok og gjekk vidare i desse kategoriane

  • Scene
  • Utstilling
  • Teknisk arrangør

Gratulerer til alle saman og lukke til i fylkesfinalen i Vågsøy. Den vert arrangert 29.-31. mars 2019

Tips ein ven Skriv ut