Svart logo på kvit bakgrunn

Svart logo på kvit bakgrunn

Utdanning i Bergen

Måndag 9. januar fekk elevane på vg3 på studiespesialisering studieorientering frå "Utdanning i Bergen". Dette er eit årleg arrangement som vert avikla på Sygna vgs i Balestrand og kor elevane i Høyanger vert invitert.  

Dagen på Sygna var delt i to. I fyrste økta var det generell innføring om overgangen frå det å vere elev i den vidaregåande skule til å bli student.  Denne overgangen kan for enkelte vere vanskeleg å takle difor fekk elevane mange gode tips og anna nytting informasjon om kva det vil seie å vere student i Bergen. Deretter presanterte Universtetet i Bergen (UiB) fagtilboda sine og om andre aktivitetar som Studentsamskipnaden deiras stod for.  Etter lunsj informerete Høgskulane om sine tilbod.  

Vi håpar at elevane fekk mykje nytting informasjon og ulike studie og gode tips om korleis dei skal takle studentlivet.