Pengeseddlar

Uendra grense for bortebuarstipend

Avstandsgrensa for bortebuarstipend skal framleis vere 40 km, og ikkje aukast til 60, slik det låg inne i regjeringa sitt budsjettforslag

Dette var ei gladmelding for dei få elevane som hadde vorten råka.  Fleire av elevane ved Høyanger vgs som var i denne gruppa engasjerte seg i saka og vart i dag svært glade for at at grensa framleis skal vere 40 km. Hadde det gått hin vegen måtte feks. elevar frå Sørsida og Lavik måtta byrje å pendle til og frå skulen i staden for å bu på hybel.  No kan dei puste letta ut og forsetje å delta sosialt og vere med på aktivitetar eller gjere lekser etter skuletid, i staden for å bruke tida på lang heimreise.