Mobiltelefon i ei hand

Mobiltelefon i ei hand

Tryggleiksveka - Kom deg ut Høyanger!

Orientering og rebusløypene er eit samarbeid mellom Høyanger kommune og de to helseklassane ved Høyanger vgs ism markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Dette emnet er og eit av kompetansemåla til elevane.

Fysisk aktivitet er bra for den psykisk helsa, av den grunn har helse og oppvekstfag ved Høyanger vgs. laga til ulike orienterings- og rebusløyper i Høyanger, med ulik vanskegrad. Alle har mogelegheit til å prøve ut ei eller fleire av løypene, om du er ung eller eldre, dårleg til beins eller kjempe sprek. Vi trekker ut ti heldige vinnarar som får flotte premiar!

Det vil høyre til eit kart til nokre av løypene, og  til andre må du bruke mobiltelefon. Kart kan du skrive ut sjølv eller få utdelt i resepsjonen på rådhuset.

Løypene utan kart er lagt opp til at du skal bruke mobiltelefonen din. Du vil få gps-koordinatar til fyrste post, så vil du få nye koordinatar undervegs i løypa. Koordinatane legg du inn i nettlesaren på mobilen eller i eit kart app, for eksempel Google maps.

Undervegs i løypa vil du finne ulike bokstavar, desse skal du setje saman til ord eller setning. Når du har funne svaret, kan du sende løysinga i innboks på Høyanger kommune si facebookside, ei melding per. deltakar (eller levere i postkassa på utsida av rådhuset.) Hugs namn og telefonnummer til den som deltek.

Ta gjerne bilete undervegs, vi vil bli veldig glad om du brukar emneknaggen #komdeguthøyanger om du legg ut bilete på sosiale media.

Ta omsyn til smittevernsreglane, hald avstand og unngå store grupper!

Sjå heimesida til Høyanger kommune for meir informasjon om dei ulike løypene

Ut i frå erfaring og gjennomføring av dette arbeidet skal elevane skrive ei oppgåve.