trekant

trekant

Tryggleikskurs for tilsette

Fredag vart det arrangert tryggleikskurs for dei tilsette ved Høyanger vgs og andre som har arbeidsplassen sin på bygget. Dvs at tannklinikken, Høyanger Norsksenter og 10. klasselærarane også var til stades.  Kurshaldar var Dag Andre Nesse frå Brannvakten

Kursinnhald:

Brannteori m/praktisk slukking.

Det vart teke utgangpunkt i skulen sin krise- og beredskapsplan.

Det vart gjennomgang av rutinar og ansvar ved: alarm, varsling, evakuering, oppstillingplass osb.

 

Pågåande livstruande vold (PLIVO)

Nødetatane helse, brann og politi har utarbeidd ei felles prosedyre for korleis dei skal opptre og samhandle i farlege situasjonar, både med og utan politi til stades.

Eit veldig nytting kurs som vart avslutta med ptaktisk slukking på Vetleseten. Her ser vi kurshaldar gi innstruks til ein av kursdeltakarane.

Slukking av brann på vetleseten 2017

I neste veke skal vg1 ha kurs i førstehjelp og elevane på vg2 yrkesfag skal gjennomføre tryggleikskurset. Sjå kalender på heimesida for meir informasjon.