Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Tilrettelegging på eksamen

Tilrettelegging av eksamen

§ 3-32, forskrift til opplæringslova greier ut om særskild tilrettelegging av eksamen

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal få lagt forholda til rette slik at dei får vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er. Les meir i forskrifta på Lovdata.

Rådgjevar informerer alle klassane om søknadsprosessen tidleg i skuleåret og rektor avgjer kva for rettelegging som skal nyttast.  Hugs at det må leggast ved dokumentasjon.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Astrid Andersen
Rådgjevar
astrid.andersen@sfj.no
57 63 77 50 / 959 47 29