2 elevar på elektro klatrar i stolpe

Temadag på elektro

I dag fekk 1ELA prøve seg på stolpeklatring.

Stolpeklatring er ein del av undervisninga ved Høyanger vgs.  I det fine været er det kjekt å kunne drive praksisretta undervisning ute. Sjølvsagt under god rettleiing av ein lærar.

Vi vil tru at elevane syntes det var både morosamt og litt skummelt, og tilbakemeldingane er at dei var kjempefornøyd med dagen og at det var fyrste gong dei prøvde dette.

Stolpeklatring er eit av prosjekta i faget YFF (Yrkesfagleg fordjupning) på vg1 elektrofag og vg2 elenergi. Dette for å gjere opplæringa variert og yrkesrelevant, men og for at elevane skal få prøve ut mest muleg breidde innan utdanningsprogrammet.  Det er mange vegar å gå vidare innanfor elektrofaget. Vi freistar med variasjon og relevans å tilpasse opplæringa på best mogleg måte for at kvar enkelt elev lettare skal kunne finne sin veg vidare innan elektrofaga.

Elevar som no er lærlingar ved feks Sunnfjord Energi har hatt god bruk for denne type undervisning i sitt daglege virke ved bedrifta.

Elev i stolpe

Elev i stolpe

2 elevar i stolpe