Høyanger vidaregåande skule
Prideflagg ved skulebygningen

Prideflagg ved skulebygningen

Sommeravslutninga 2021

Årets sommaravslutning var planlagt ute med diverse aktivitetar.  Dessverre var ikkje værgudane på vår side og arrangementet måtte flyttast innandørs 

Sandvolleyball og bading vart bytta ut med ulike kreavtive konkurranser som stolbadminton, ball i bøtte, quiz og marshmellow.  Etterpå måtte alle bidra med å rigge til konsert, grilling og felles lunsj.

Kjempegode burgere fra Mc Magnar's deretter ein flott konsert med lærarbandet med Hedda 1STA og Caroline 2STA som dyktige solistar. Takk til Vidar og Rune for deira bidrag i bandet i lag med Ståle og Sten. Takk til Stig for god lyd. Knallbra!! 
Erlend stod for premiering av ulike konkurransar som er arrangert på skulen denne våren. Vi avslutta med kaffi og is.  10. klasse var og invitert i lag med lærarane sine.

Ein flott skuledag med mykje innhald. No har rektor ønska elevane god sommar og vi håpar at alle elevane våre får ein super sommarferie.  Lykke til vidare til dei som no sluttar, og velkomen att til dei som skal forsette og til dei i 10. klasse som har vald Høyanger vgs neste skuleår.
Takk til Gaute og Ali har teke bilde frå aktivitane og konserten!

GOD SOMMAR!
1ELA og Magnar grillar

Balleik ADC.jpg

Balleik CFS.jpg

Stolbadminton.jpg

Quiz.jpg

Lærarbandet med Caro og Hedda.jpg

Lærarbandet med Caro og Hedda 3.jpg

rektor.jpg