Elevar må søke før 15. mars dersom dei vil ha stipend frå Lånekassen for vårsemesteret 2021
Fristen gjeld for elevar som ikkje allereie har søkt om stipend for både haust og vår ved skulestart.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener, men du må søke for å få det.
Har du allereie fått stipend, treng du ikkje å søke på nytt.
Vennleg helsing
Lånekassen