Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering
Dagny Nesse

Smått er smart

Dagny S. Nesse ville ut av både bygd og fylke for å ta andre året på vidaregåande. Slik erfarte ho at ein liten skule har mange fordelar. Kanskje er smått smart for deg også?

Spenninga bygde seg opp allereie på seinsommaren i 2015. Dagny hadde søkt seg til ein nybygd prestisjeskule i Bergen. Sjølv med gode karakterar frå VG1, måtte ho stå på venteliste. 

Ho kom inn og blei plassert i G-klassen, av til samen ni parallellar. Spanande? Ja, sjølvsagt, men Dagny minnest også at det var tungt å komme inn i dei etablerte sosiale strukturane: 

 – Det var noko heilt anna å flytte til Sogndal som 19-åring, enn til Bergen då eg var 16. Sogndal er i grunnen berre som ein litt større versjon av Høyanger!

Det er ei sjølvsikker ung dame som no tenker tilbake på tida ho gjekk på vidaregåande. Dagny er no blitt 20 år, og ho studerer juss og økonomi i saftbygda. Det er godt mogleg at ho vil avslutte studietida i Bergen, for det er slett ikkje slik at erfaringa frå vidaregåande har gitt ho storbyskrekk. Dette gav ho heller eit innblikk i fordelane med å gå på ein liten skule. 

– Eg mista litt piffen av å forsvinne i mengda. 

Ho fortel at resultata i nokre av faga dala frå 4-5, og heilt ned mot to-talet. Nokre av vurderingane opplevde ho som rare, og framfor alt følte ho at tida var prega av lite personleg oppfølging.
– Dei fleste lærarane kunne jo ikkje eingong namnet på oss elevane, minnest ho. 

Mest beskrivande er kanskje utviklinga i faget psykologi. Også det var eit fag ho streva med å oppnå resultat ho var nøgd med, men så kom ho opp til munnleg eksamen: 

– Eg bomma på eitt lite punkt, så toppkarakteren rauk, men det blei jo ein fin femmar. Dagny

Sjølvsagt var det kjekt å pynte på snittet, men det er kommentaren til faglæraren som har brent seg fast hos Dagny: 

«Du verden, jeg visste ikke at du var så flink!» 

Opplevingane i løpet av VG2 i Bergen gjorde at Dagny blei ein del av den store og velkjente kategorien «skulelei». Overgangen til Høyanger vidaregåande i VG3 skulle vise seg å bli ein effektiv medisin mot dette: 

– I Høyanger veit kontaktlærarane kva som skjer. Dei ser deg, og dei tar kontakt når du treng det, fortel Dagny. 

Ho fortel også at ho sleit i enkelte fag etter å ha «mista piffen» i 2. klasse, for eksempel i engelsk: 

– Men her i Høyanger tar faglærane tak når ting ikkje fungerer: Eg fekk ekstra støtte i engelsk, og det var til stor hjelp for meg. 

For Dagny blei valet av Høyanger vidaregåande då ho skulle byrje på VG3 avgjerande på mange plan: 

– Eg fekk det mykje betre sosialt, eg fekk betre karakterar, og blei også vist tillit, både som nestleiar i elevrådet og som russepresident. 

Når ho tenker tilbake på skuletida i Bergen, var den prega av prestisje- og karakterjag. I Høyanger fekk ho ei helt anna personleg oppfølging. Om dette tenker den unge studenten no: 

– Det er viktig å gjere det bra, men det er mykje viktigare å bli sett. Det er nemleg ein føresetnad for å få fram det faglege potensialet! 

Sjå Høyanger vgs si digitale brosjyre