Logo for skuleval

Skuleval 2019

I samband med kommune- og fylkestingsvalet 2019 vert det også arrangert skuleval samt debatt og valtorg for elevane ved Høyanger vgs

Det heile byrjar med debatt og valtorg på Høyanger samfunnshus måndag 2. september kl. 09:00

Møteleiarar er lærar Kjell Erik Olsen og Marius Varden Fossen, som er elev i 2STA.

Desse partia deltek; FRP, Høgre, Venstre, KRF, SP, AP, SV, MDG og Raudt.  Dei stiller til debatt som ungdomsparti.

Køyrereglar for skuledebatten:

  • Åpningsinnlegg: 2 min
  • Replikk: 30 sekund
  • Oppsummering: 1 min

Elevane er oppmoda til å stille spørsmål på slutten av debatten.

Det vert gitt informasjon til førstegongsveljarar i kantina på skulen kl. 12:20.  

Skulevalet

Sjølve skulevalet vert gjennomført på biblioteket på Høyanger vgs. tysdag 3. september frå kl. 09:00-12:30

 Klassane vert henta i det klasserommet dei har undervisning i, etter denne tidsplanen:

2ELA: 09:10

2FRA: 09:10

1HOA: 09:25

3STA: 09:40

2STA: 09:55

1STA: 10:15

1TPA: 10:30

2ITA: 10:50

1ELA: 11:25

GODT VAL!!

Tips ein ven Skriv ut