Blått flagg med kvitt kryss

Blått flagg med kvitt kryss

Skuletur til Aberdeen

Måndag 28. november reiste 2STA Internasjonal Engelsk på studietur til Aberdeen i Skottland. Reisa har vore nøye planlagt, og klassen har i lag tent inn alle pengane til turen i løpet av hausten.

Det er sjette året på rad at Internasjonal Engelsk reiser på denne turen. Etter innsjekking på the Brentwood Hotel, hadde alle ein fin fellesmiddag første kvelden. 
Tysdag morgon reiste vi til Universitet i Aberdeen, og her vart klassen mottekne av Dominic Milne som er International Officer ved universitetet. Etter ei gjennomgang av korleis det er å studere ved universitetet og i Skottland, fekk klassen delta på ei prøveforelesing i psykologi ved professor Emily Nordmann. Dagen på universitetet vart avslutta med omvising på campus, og det flotte sportsanlegget på området.
Onsdag reiste klassen på dagstur til Edinburgh, Skottlands hovudstad, som ligg ein 2,5 timars togtur frå Aberdeen. Der venta besøk i Scottish Parliament, og ein fin spasertur opp ‘The Royal Mile’ til Edinburgh Castle. Elevane fekk nokre timar fritid til å shoppe, og besøke Waverly Christmas Market før toget gjekk tilbake til Aberdeen.
Torsdag brukte klassen som elevar ved Torry Academy. Torry er ein secondary school med rundt 480 elevar (tilsvarar 8-13 klasse i Noreg). Her fekk elevane innblikk i det skotske skulesystemet, og korleis det er å vere elev ved ein skotsk skule. Dei fekk vere med i fag som dei har heime, slik at dei kunne samanlikne, men og i fag dei ikkje har så dei kunne sjå noko nytt. 
Fredag reiste klassen heim etter fine dagar i Aberdeen.

Her er alle samla i Scottish Parlament

Scottish-parlament-2016.gif