Høyanger vidaregåande skule
Elevar deltek på digital konferanse

Elevar deltek på digital konferanse

Skulestartkonferanse

Onsdag var alle skulane i i Vestland FK samla til digital skulestartkonferanse.  Til denne var rektor, elevrådskontakt og elevrådsstyret invitert.

Tema for konferansen var Livsmeistring; læringsmiljø på skule og i sosiale media (SOME). Frå elevrådet deltok Eivor Ohstad, Synne Ullebø, Peter Vevle, Christopher Okan og Ørjan Bolstad. Skulen var representer ved rektor Torill, avdelingsleiar Ståle og elevrådskontakt Reidun.
Fylkesdirektør for opplæring og komptanse Bjørn Lyngedal ønska velkomen, deretter fekk vi ein presentasjon av prosjektet "SOME som helsefremmande arena".  Dette er eit samarbeid mellom Vestland fuylkeskommune, Høgskulen Vestland, Folkehelseinstituttet og Bergen kommune. Dei skal m.a. forske på korleis bruken av SOME påvirkar den psykiske helsa til ungdom og korleis skulane kan arbeide med SOME som ein del av læringsmiljøet.  

Etter ei lita pause vart vi introdusert for innovasjonsverkstad av Silje Grastveit som hadde tittel som "kaospilot"

Silje presanterte fire ulike "casar" knytt til dagens tema kor skulane skulle velje ein av dei.  Elevane våre valde "Korleis redusere einsemd blandt medelevar og bidra til auka sosial inkludering i skulemiljøet"
Det vart mange gode diskusjonar og gode forslag til løysingar. Desse vart sendt inn og skal no samlast i eit dokument som vert sendt attende til alle skulane.  Rektor vil og legge det fram for alle tilsette da dette kan knyttaste direkte til læreplanane og i §9A. Det vert og ei sak på neste elevrådsmøte i november.

Elevar deltek på digital konferanse