Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Praktisk informasjon/Skuleskyss
Skulebuss

Skulebuss

Skuleskyss

Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit skysskort. Same kortet skal no brukast om att frå år til år så lenge eleven har rett på gratis skuleskyss
HUGS Å SØKJE OM SKULESKYSS NÅR DU HAR TAKKA JA TIL SKULEPLASSEN. DU FINN EIN EIGEN LINK PÅ SAME SIDE!!

Du har rett på gratis skuleskyss dersom

  • avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
  • det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
  • du går på skule i eit anna fylke og elevplassen er kjøpt av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Du kan bli pålagd å gå inntil 4 km frå heim til haldeplass.

Her kan du søkje om skuleskyss 
 

Fleksibel skuleskyss
Fleksibel skuleskyss gjeld for elevar i den vidaregåande skulen, og gjeld for ei heimreise dagleg, alle skuledagar. Elevane kan reise heim på det tidspunktet ein sjølv ønskjer. Ordninga gjeld på eksisterande buss- og båtruter i fylket, utanom ekspressbussrutene.

Felles reglar for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
Elevane har rett på skyss i samband med skulen sine ordinære start- og sluttider, maks to turar per dag. Det betyr at det ikkje vert sett opp ekstra skyss i samband med opphald i skulefritidsordning, sein starttid eller tidleg sluttid, med mindre det ikkje fører til meirkostnader for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Delt bustad
Ved delt bustad kan eleven har rett på skyss frå to adresser, dersom eleven bur tilnærma like mykje hjå kvar av foreldra/føresette. Delt bustad skal vere reell og dokumenterast ved avtale. Samværsordning gjev ikkje skyssrett. Kopi av avtalen skal leverast på skulen. Delt bustad - skjema.

Måling av avstand
Avstanden mellom heim og skule kan gje rett til gratis skuleskyss. Avstanden vert målt frå dør til dør langs kortaste «farande veg». Samferdsleavdelinga si oppmåling skjer på det digitale kartet Fylkesatlas.no. Det vert ikkje teke omsyn til private avstandsmålingar med til dømes bil, målehjul eller GPS.

Skuleskysskort
Alle elevar med rett til gratis skuleskyss, vil få utlevert eit elektronisk skuleskysskort av samferdsleavdelinga. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og det er ikkje høve til å låne det ut til andre. Kortet skal brukast alle åra eleven har rett til gratis skuleskyss.  

Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. 

Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, til utplassering, på fridagar eller i feriar.

Dersom eleven mister kortet eller øydelegg det, må de ta kontakt med skulen. I påvente av nytt kort, vil eleven få låne eit reservekort. Reservekortet skal leverast attende til skulen. Elevar som mister skysskortet, må dekke kostnadane med nytt kort sjølv. Det kostar kr 100,-, og det vert sendt rekning til heimeadressa.

Les meir om elektronisk skuleskysskort her (pdf)

Gang-, reise- og ventetid
Eleven må i tillegg til gang- og reisetid rekne med venting på transportmiddel som følgje av rutetider, samordning med annan skuleskyss etc.

Særskild skyss
Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning. Det må ligge føre ein legeattest eller sakkyndig uttale om kva slags transport eleven treng.

Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle, eller det kan bli sett opp drosje. All elevskyss blir vurdert som offentleg transport og dermed samordna. Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane.

Klager
Klagesaker skal sendast til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2,
6863 Leikanger
skuleskyss@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sentralbord / kontoret
postmottak.hoyangervgs@sfj.no
57 63 78 00

Relaterte lenker