Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevmedverknad/Skulemiljøutval

Elevens skulemiljø/Skulemiljøutvalet/LAMU

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elvane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.

Nytt regelverk om skulemiljø - nulltolleranse mot mobbing

Alle skular skal ha eit skulemiljøutval som fyller ein viktig funksjon i kontakten mellom elevar og leiing/tilsette på skulen.

I tillegg til den uformelle kontakta ein har dagleg, er det også behov for eit forum der aktuelle elevsaker kan diskuterast. Elevrådet skal vere elevane sitt talerøyr i skulesamfunnet, fremje saker som vedkjem elevane og vere med og gje råd og innspel i saker som skuleleiinga skal ta avgjerd i. Dette kan t.d. vere organisering av skuledagen, open skule, planlegging og gjennomføring av undervisninga, arbeidsmåtar, evaluering, ulike skulearrangement osv.

LAMU er lokalt arbeidsmiljøutval og skal mellom anna handsame

  • spørsmål som vedkjem HMT-gruppa og den interne vernetenesta
  • spørsmål om opplæring, introduksjon og opplysningsverksemd som angår arbeidsmiljøet
  • planar som krev arbeidstilsynet sitt samtykke i medhald av AML §18-9
  • planar som kan få betydning for betydning for arbeidsmiljøet, t.d planar om byggearbeid, innkjøp av maskiner, rasjonalisering, endring av arbeidsprosessar og førebyggjande vernetiltak
  • budsjettering
  • omgjering av stillingar
  • etablering og vedlikehald av internkontrollsystem, m.a handsaming av rapportar frå vernerundar
  • handlingsplanar for institusjonen

Elevrepresentantar i skulemiljøutval 2018/2019

Aasa F. Grønvold 3STA
Ole Einar Markeset 3STA
Vara: Eivor Ohnstad 1STA


Elevrepresentantar i LAMU 2018/2019

Aasa F. Grønvold 3STA
Jonas Randal 3STA

 

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker