3 elevar med frisyre frå Hairspray

Jenny, Mari og Grete

Skal lage frisyrar til musical

Elevane ved vg2 frisør i Høyanger får ansvar for hår og make-up når Sunnfjord folkehøgskule set opp musicalen "Hairspray" i Førdehuset i midten av november.

Dei åtte elevane på frisørlinja har allerede starta førebuinga til det som skal skje i Førdehuset. I førre veke kom involverte elevar frå folkehøgskulen til Høyanger for å teste ut ulike frisyrar og make-up i samband med førestillinga. Det var full rulle heile skuledagen og elevane fekk ein hektisk dag på salongen med heile 25 skodespelarar og dansarar som skulle ha rikitg hår og make-up.  På bilde over viser elevane våre tre av frisyrane dei har ansvar for.  

I neste veke flyttar vi ut av skulen og inn på Førdehuset, fortel lærar Kristin V. Sande.  Der skal vi førebu oss til førestillingane.  Det skal i alt vere tre førestillingar. Ein torsdag 16.11 og to den 17.11.  Så det vert nok å gjere, seier ho.  Ein kan følgje elevane og arbeidet deira på instragam #frisor_linja_hvgs eller ein kan reise å sjå førestillinga i Førdehuset.

Hairspray er opprinneleg ein amerikansk musical der handlinga er lagt til 1960 talet.  Den er kjend for mykje god musikk og dans. I 2007 var det laga ein film med same namn der m.a. John Travolta hadde ei hovudrolle.  Både oppsetning og film har motteke ein rekke prisar.

Meir om Hairspraymusicale og billettar