Erasmus+ kube

Siste tur i Erasmus+ prosjektet

Siste kapitel i vårt 3-årige Erasmus+ prosjekt skrives i Schärding, Austerrike

Sidan 2015 har Høyanger vgs. samarbeida med åtte andre vidaregåander skuler i Europa under fana: «Small Towns in Europe; Sharing innovative Practices». Vi har både vore vertskap og sendt ut til saman 24 elevar no når prosjektet avsluttast. 

Prosjektet har fokusert på innovasjon, entreprenørskap og overgangen frå utdanning til arbeidsliv; alt i eit «småby»-perspektiv. Elevane har vore i hovudfokus og ein sentral del av dette prosjektet har vore mobilitet. Altså det å reise til kvarandre. Her på skulen har dei involverte elevane vore vald ut etter ein prosess kor dei måtte levere søknad på engelsk om kva deira motivasjon for å vere med var, og korleis dei kan bidra positivt inn i prosjektet. 

No er det den austerriske skulen BG/BRG/BORG Schärding som tar i mot om lag 25 elevar frå Sverige, Danmark, Polen, Tyskland, Italia, Baskerland, Nederland og Noreg. Schärding er ein liten by som ligg midt i Europa på grensen til Tyskland, og ikkje langt frå Tsjekkia.

Magnus Frivik (3STA), Benjamin Wolff og Lina Haugsbø (begge frå 2ELA) reiser grytidleg måndagsmorgon saman med rektor Torill og Internasjonal koordinator Erlend.

Magnus Frivik Magnus  Benjamin Wolff Benjamin Lina Haugsbø Lina

Small cities in Europa

God tur!