Bilete av pokalar og medalkar

Siger til Sølve og Sera

Høyanger vgs fekk med seg to fyrsteplassar frå fylkesmeisterkapen i yrkesfag i førre veke

Fylkesmeisterskapen vart i år arrangert på Eid vidaregaånde skule.

Høyanger vgs deltok med heile ni deltakarar: 
Linn Bergum, Sofie S. Eide, Jasmin Å. Jørgensen. Aurora Selvik og Sera N. Solheim. Alle i frisørfaget
Ola N. Hille og Sølve A. Dale i elektrikarfaget
Arian Hansen i industrimekanikarfaget 
Steinar Standnes i manuell maskinering

Det var fyrste gong frisørelevane deltok og det vart Sera Solheim som stakk av med sigeren.  Sera er frå Måløy og gjekk vg1 design og handverk på Eid.
Elevar frå Høyanger vgs. har tidlegare delteke innan både elektrikarfaget og i industrimekanikarfaget.  I elektrikarfaget gjekk det svært bra. Skulen gjenntok suksessen frå i fjor ved å vinne ved Sølve Andre Dale.  Dale er frå Leirvik i Sogn og har gått vg1 elektro og vg2 elenergi ved Høyanger vgs.

Gratulerer til vinnarane og takk til dei andre deltakarane som alle gjorde ein svært god jobb i meisterskapen.   Dette skal feirast med kake til alle tre klassane etter vinterferien!

Dei to vinnarane skal representere skulen i Noregsmeisterskapen i april. Den vert arrangert i Fredrikstad.  Vi ønskjer begge lukke til!

Her er nokre bilete frå Eid:

Deltakar FM Sera 

Deltakar FM Vinnarfrisyre

Deltakarar FM Sølve og Ola

Tilskodarar frå Høyanger vgs Heiagjeng frå Hvgs

Alle vinnerane samla på scena i Operahuset

Alle vinnarane FM 2019

Les kva Ytre Sogn Avis skriv om fylkesmeisterskapen

Oversikt for alle vinnarane

Tips ein ven Skriv ut