Lina og Benjamin 2ELA

Foto: Espen Bakketun

SIGER TIL BENJAMIN!

Benjamin Wolff gjekk like godt heit til topps i fylkesmeisterskapen i yrkesfag. Han deltok i elektrikarfaget i lag med Lina D. Haugsbø frå Høyanger vgs og åtte andre deltakarar frå fem ulike elektroklassar.

Dette er fantastisk, seier Ståle Walsvik, som er avdelingsleiar ved Høyanger vgs. Han var til stades i Sogndal for å heie på både Benjamin og Lina, som begge gjorde ein strålande konkurranse, men det var Benjamin som gjekk av med sigeren. Han var best på det meste i den 3,5 timar lange konkurransen kor elevane vart dømd etter m.a. dokumentasjon, HMS og utføring. 

No ventar NM i april. Der får Benjamin ta med seg ein medelev, og saman skal dei konkurrere mot yrkesfagelevar frå heile landet. Elektrikarfaget sin konkurrane vert arrangert på Ringsaker videregående skole i Hedemark 10.-12. april 2018.

For å markere sigeren spanderer rektor kake på 2ELA klassen på fredag.  Vel fortent!  Vi andre kan ikkje anna enn å gratulere Benjamin og Lina, men også faglærarane som har undervist og førebudd dei to flotte deltakarane.

Les utfyllande artikkel i Ytre Sogn avis

Her er bilete frå konkurransen og premieutdelinga i Sogndal.

Benjamin

Lina

premieutdeling