Arbeidsbenkar

Reodorgarasjen er no i gang!

Onsdag 4. april opna reodorgarasjen i Høyanger

Mange hadde møtt fram i hesteskoen på Høyanger vidaregåande for å ta del i opninga av reodorgarasjen.  Rektor Torill Thorbjørsen fortalde litt om bakgrunn for garasjen før ordførar Petter Sortland fekk æra av å klippe kjettingen og erklære garasjen for opna. Deretter gjekk turen inn i dei flotte lokala kor initiativtakar og avdelingsleiar Ståle Walsvik tok ordet. Han snakka litt om HMS og informerte dei fremmøtte om kva dei skulle gjere fyrste dagen.  Oppgåva var å bygge sine eigne arbeidsbenkar, og da var det berre å setje i gang....

Reodorgarasjen skal vere open for alle kvar onsdag frå kl. 17.30-19.30.  

Sjå bileter frå opninga på reodorgarasjen si facebookside

Ordføraren sin opningstale