Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Rektor ønskjer Vg2 elevane på YF velkommen tilbake til skulen

Vi gler oss til å få tilbake elevar og å få aktivitet på verkstadane igjen. Teoriundervisning vil framleis foregå digitalt. 

Vi er godt førebudd til å ta i mot elevane og lærarane deira. Det er utarbeidd ein lokal tiltaksplan etter rettleiaren frå Udir og Folkehelseinstituttet,  den vart godkjent i det lokale arbeidsmiljøutvalet torsdag.   Smittevern handlar mykje om hygiene og reinhald, difor vil vi i lag med leiande reinhaldar møte elevane ved skulestart måndag og gå gjennom rutinane vi skal følgje.  Så dette meiner vi skal gå bra dersom alle følgjer dei råda og tiltaka som vi set i verk.

No når det er bestemt at det ikkje blir eksamen har vi noko lenger tid til at alle elevane får vise kva kompetanse dei har fram til standpunktkarakter blir sett. Så no må alle nytte høvet til å nå måla de har sett.

Etter dei signala som kjem frå Udir vil klassane gradvis få komme tilbake til skulen, men eg reknar med at det vil gå ca 14 dagar mellom kvar pulje for å sjå korleis dette utviklar seg. 

Eg forstår at russen synes det er kjedelig at dei ikkje får den russetida dei har planlagt dette skuleåret. Eg vil nytte høvet til å rose russestyret v/russepresident Thea Grymyr Ljotebø, som har tatt initiativ til møte med lokalt politi og smittevernlege for å høyre kva dei kan og ikkje kan gjere i denne tida.
Sola skin og alle ar lyst til å vere ute i lag med andre. Håper de finn gode løysingar på korleis de kan ha det kjekt i lag på tross av alle restriksjonar.