Klassen

Reisebrev frå London

Veka før vinterferien var 3STA 17/18 i London på klassetur. Alle hadde det utruleg kjekt og vi gjorde mykje moro saman, det blir ikkje ein tur vi gløymer med det første. 

Då vi skulle fly frå Flesland til England kom vi dessverre ut for ein heil del utsettingar. Gleda forsvann litt frå klassen, men med ein gong vi landa på Gatwick var humøret på topp att, og alle gleda seg til å kome fram til hotellet i storbyen London!

Den fyrste aktiviteten vi gjorde var å besøke British Museum. Her såg vi samlingar frå det gamle Egypt, det antikke Hellas, Romarriket, Kina og Assyria. Det mest spanande i samlingane var nok Rosetta-steinen, som var hovudverktøyet for at ein kunne lære seg skriftspråket i det gamle Egypt.

På onsdagen besøkte vi Tower of London, som var favorittattraksjonen til mange. Det var mykje som fasinerte her, men mest av alt var det nok kronjuvelane som gjorde mest inntrykk. Nokon av oss vart i tillegg svært imponert av alle rustningane, spesielt den som tilhøyrde Henrik VIII. Då vi var ferdige med dei felles aktivitetane var vi på sightseeing kor vi såg og opplevde byen i grupper. Mange fekk shoppa og andre besøkte diverse attraksjonar. På kveldane valde nokon å studere utelivet medan andre slappa av og kosa seg på hotellet. 

Torsdag starta ein gjeng dagen med skikkeleg engelsk frukost. Vi tok deretter undergrunnen til Green Park og gjekk gjennom den same parken til Buckingham Palace. Etterpå gjekk vi ned White Hall og mot Big Ben. Her var det mykje spanande å sjå og det vart mykje knipsing og mange forteljingar frå kontakt-og-engelsklæraren vår, Eva. Denne dagen besøkte vi og Westminster Abbey.  Resten av dagen fekk vi fri til å gjere det vi ville.

Fredag var det tid for heimreise og det verkar som om alle hadde det svært kjekt. På vegne av 3STA vil eg anbefale andre klassar til å reise til London, eller ein anna stad i løpet av skuletida. Ein slik tur skapar minner for livet, og den var så absolutt verdt all arbeidet med dugnadar i forkant.

Her er nokre bilete frå British Museum og Tower of London:

British Museum 

British Museum

British Museum

18-klassen2.gif

Helsing 3STA