Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Reglement

Reglement for elevar ved Høyanger vidaregåande skule

Skulereglement for Høyanger vidaregåande skule

Forskrift om skulereglement for elevane ved Høyanger vidaregåande skule

§ 1 INNLEIING
§ 9 A-10.Ordensreglement   Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
 
Reglementet skal vere eit grunnlag for eit best muleg opplærings- og arbeidsmiljø med utgangspunkt i Opplæringslova § 1-1 formålet med opplæringa og § 9a elevane sitt skolemiljø. 
Reglementet er vedteke av skuleutvalet 01.11.2017 og gjeld i revidert form frå og med 1.august 2017
 
§ 2 FORMÅL
Reglementet gjer reglar for:
  • Elevane sine rettar og plikter
  • Orden og åtferd
  • Tiltak overfor elevar som bryt reglementet
  • Sakshandsaming ved brot på reglementet
 
§ 3 VERKEOMRÅDE
Reglementet gjeld for alle som er under opplæring ved skulen. Reglementet gjeld også for aktivitetar i regi av skulen utanfor sjølve skuleområdet.
 
§ 4 RETTAR
Elevane har rett til:
  • Vidaregåande opplæring og dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • Kontinuerleg rettleiing og tilbakemelding i høve dei måla det blir arbeidd etter
  • Fagsamtalar med faglærar som ein del av vurdering av eige arbeid og medverknad
  • Førebudde elevsamtalar mellom elev og kontaktlærar
  • Skriftleg varsel ved fare for vurdering IV i fag på grunn av overskriding av fråværsgrensa på 10%
  • Skriftleg varsel ved fare for at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i fag
  • Skriftleg varsel med grunngjeving når det er fare for at det ikkje blir gitt standpunktkarakter eller ved fare for nedsett karakter i orden og åtferd. 
  • Å delta i skulen sitt systematiske arbeid med verksemdsvurdering
  • Rettleiing om utdanning og yrkesval
  • Kontakt med- og rådgjeving frå PPR
  • Skulehelseteneste
  • Å opprette og delta i rådsorgana ved skulen, som elevråd og skulemiljøutval
I samarbeid med klassen og lærarane har elevane medverknad ved m.a.:Fastsetjing av lokale opplæringsmål
  • Val av arbeids- og undervisningsformer
  • Val av vurderingsformer
  • Utarbeiding og gjennomføring av periodeplanar og arbeidsplanar innanfor rammene av læreplanane
  • Utarbeiding av trivselsreglar for klassen
Elevrådet har rett til:
  • Regelmessige møte med skuleleiinga
  • Å bruke bestemte oppslagstavler
  • Å nytte seg av skulen sitt IKT-utstyr etter avtale med rektor
  • Låsbart arkivskap
  • Møtelokale
§ 5   PLIKTER
Elevane har plikt til å:
  • Rette seg etter gjeldande lover, forskrifter og reglement
  • Møte presis og ta aktivt del i opplæringa i den form den blir gitt
  • Melde frå til faglærar/kontaktlærar om arbeid som ikkje kan gjennomførast i samsvar med avtalar
  • Melde frå til kontaktlærar/ekspedisjonskontoret dersom han/ho må forlate skulen før avtala arbeidstid
  • Levere eigenmelding/sjukemelding første dag etter fråvær
  • Følgje gjeldande verne- og sikringsreglar
  • Ha mobiltelefonar avslått i arbeidstida
  • Følgje gjeldande reglar for ekskursjonar
  • Skaffe og ha tilgjengeleg læremiddel, materiell og utstyr til eige bruk
  • Behandle skulen sin eigedom og utstyr med varsemd. Skade- og hærverk kan medføre erstatningsansvar
  • Rette seg etter skulen sine retningslinjer for bruk av internett
  • Halde god orden inne og ute på skulen
  • Rette seg etter ordninga for kantina
  • Opptre høfleg og realt overfor kvarandre og tilsette
  • Hindre at det skjer mobbing, plaging eller anna krenkjande framferd
  • Overhalde teieplikt etter Forvaltningslova § 13, dersom ein får kjennskap til opplysningar som er underlagt teieplikt gjennom arbeid, oppdrag eller verv i samband med opplæringa
§6 ORDEN
Undervisningsrommet:
Hald det ryddig og ordentleg på arbeidsplassen din. Pass særleg på:
  • At pulten din er på plass etter timen
  • At søppel/rusk vert kasta i riktig bossbøtte - HUSK SORTERING!
  • At brukt utstyr vert sett på plass og er gjort reint
  • Ikkje skriv på pultar eller veggar.
  • Det skal ikkje etast i undervisningstimane.
  • Ikkje forstyrr undervisninga med snakk eller uro som distraherar lærar eller medelevar.
  • Mobiltelefonar skal vere slått av og lagt bort.
  • Hald orden på oppslagstavlene i klasseromma. Ikkje heng opp bilete og tekst som kan verke støytande.
  • Elevar som er inne i klasserommet i pausane, har ansvar for at rommet er rydda før ny time blir starta opp.
§ 7 ÅTFERD
  • Alle i skulemiljøet skal opptre med respekt for kvarandre
  • Følgjer regalne som er skissert i skulereglementet
§ 8 IKKJE AKSEPTERT ÅTFERD
Det er forbod mot å:
  • Møte rusa på skulen eller til aktivitetar i skulen sin regi
  • Bruke eller oppbevare rusmiddel på skulen sitt område
  • Bruke eller oppbevare farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område
  • Rasistiske eller trakasserande ord og handlingar
  • Bruke skulen sitt IKT-utstyr til å hente fram, laste ned eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan verke krenkjande eller vere i strid med norsk lov. Viser til fylkeskommunen sitt IT reglement
§ 9 FUSK
Følgjande blir rekna som fusk:
  • Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillate
  • Kommunikasjon om oppgåveløysing med andre i prøve-/vurderingssituasjonar der dette ikkje er spesielt avtala
  • Avskrift av andre sitt arbeid som blir levert som eige produkt
Reaksjonsmåtar  § 3-65
Ved fusk eller forsøk på fusk blir eleven vist bort for resten av skuledagen og det aktuelle arbeidet blir ikkje vurdert  
 
§ 10 EKSKURSJONAR / STUDIETURAR
Det er frivillig for den enkelte elev å delta på ekskursjonar/studieturar til utlandet. Det skal lagast alternative opplegg for elevar som evt ikkje ønskjer å delta. Elevar som ikkje er myndige, mp ha løyve frå føresette for å kunne delta. På ekskursjonar/studieturar skal det setjast opp eigne reglar og avtalar som byggjer på skulen sitt ordensreglement. Ved brot på reglane kan eleven bli sendt heim på eiga rekning.
 
§ 11 INTERNETTBRUK
  • Ved skulestart skal alle elevar sette seg inn i  Sogn & Fjordane fylkeskommune sitt IKT-reglementet og følgje dette
  • Følgje nettvettkurs og nettvettreglar i regi av skulen.
§ 12 SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLEMENTET
Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar i vidaregåande skole kan visast bort frå undervisninga i opp til fem dagar dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Det kan like eins fastsetjast at elevar kan visast bort for resten av skoleåret dersom brota er særleg alvorlege.
Rektor kan vedta bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Fylkeskommunen kan vedta at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå si eiga undervisning for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar.
 
§ 13 REFSINGSTILTAK
  • Påtale frå tilsette ved skulen
  • Nedsett karakter i orden og/eller åtferd
  • Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar
  • Bortvising frå skulen for resten av dagen etter avgjerd i skuleleiinga
§ 14 SAKSHANDSAMINGSREGLAR
Brot på reglementet vil føre til ulike reaksjonar i form av refsingstiltak eller særskilde tiltak:
Eleven har difor rett til dokumentinnsyn, partsuttale og klagerett. Eleven har krav på rettleiing om partsrettar og framgangsmåte ved klage.
Særskilde tiltak er enkeltvedtak etter Forvaltningslova.
Fylkesmannen er klageinstans ved tap av rett til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen er klageinstans ved klage på utvising
  • Aktivitetsplikt § 9A - 4
Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt kan eleven eller foreldra melde saka til fylkesmannen etter at saka er teken opp med rektor.
  • Klage på standpunkt- og eksamenskarakter 10 dagar etter at karakter er gjort kjend for eleven
  • Skriftleg varsel ved fare for vurdering IV eller 1
  • Skriftleg varsel når eleven passerer  5% fråvær i fag.
§ 15 SAMARBEID HEIM-SKULE/FØRESETTTE
Det skal leggast vekt på å utvikle gode samarbeidsforhold mellom heim og skule.
Føresette for umyndige elevar har rett på god informasjon om skulearbeidet til eleven.
Foreldremøte, konferansar og samtalar er viktige fora for informasjon og samarbeid.
Kontaktlærar har eit spesielt ansvar for å legge til rette for samarbeid heim – skule
Elevar og føresette til umyndige elevar har rett til følgjande:
  • Melding om termin- og standpunktkarakterar
  • Skriftleg varsel ved fare for ikkje vurdering i fag
  • Skriftleg varsel ved fare for nedsett karakter i orden og i åtferd
  • Informasjon om gjentekne brot på skulereglementet
  • Informasjon om turar/ekskursjonar
  • Informasjon om spesielle behov for tilrettelegging av opplæringa eller spesialundervisning
  • Informasjon om gjeldande regelverk og ordningar
§ 11 FORBOD MOT TOBAKKSBRUK
Det er forbode å nytte tobakk (røyk og snus) og e-sigarettar( med og utan nikotin) i skulen sine lokale eller på skulen sitt område , gjeld heile døgnet.
Refsingstiltak er:
  • Påtale frå tilsette ved skulen
  • Nedsett karakter i åtferd
§ 12 FORBOD MOT BRUK AV TOBAKK I SKULETIDA
Elevane skal vere tobakksfrie ( røyk, snus og e-sigarettar) i skuletida og har ikkje lov å gå utanfor skulen sitt område i friminutta for å bruke tobakk. 

 

Tips ein ven Skriv ut