Reglar og rutinar

Slik vil vi ha det

Elevar og tilsette har krav på eit best muleg arbeidsmiljø. Kvar einskild og skulen samla pliktar å bidra aktivt til dette gjennom profesjonell, høfleg framferd.

I undervisningsrommet:
Hald det ryddig og ordentleg på arbeidsplassen din. Pass særleg på:

  • At pulten din er på plass etter timen
  • At søppel/rusk vert kasta i riktig bossbøtte - HUSK SORTERING!
  • At brukt utstyr vert sett på plass og er gjort reint
  • Ikkje skriv på pultar eller veggar.
  • Det skal ikkje etast i undervisningstimane.
  • Ikkje forstyrr undervisninga med snakk eller uro som distraherar lærar eller medelevar.
  • Mobiltelefonar skal vere slått av og lagt bort.
  • Hald orden på oppslagstavlene i klasseromma. Ikkje heng opp bilete og tekst som kan verke støytande.
  • Elevar som er inne i klasserommet i pausane, har ansvar for at rommet er rydda før ny time blir starta opp.

Lærar har særleg ansvar for:

  •  At tavla er rein når timen er slutt
  •  At kateteret er ryddig
  •  At vindauga er lukka
  •  At døra er låst

I verkstaden/spesialromma:

  • Set deg inn i reglane som gjeld for dei ulike verkstadane og spesialromma.
  • Alle brukarar pliktar å setje seg inn i og rette seg etter reglane som gjeld for dei ulike verkstadane og spesialromma.

I skuleanlegget elles:

  • Personalrommet og lærarane sine arbeidsrom er dei tilsette sitt område. Skal ein ha tak i lærar, bankar ein på og spør etter vedkomande.
  •  All røyking og snusing er forbudt
  •  Skal kantina bli ein triveleg stad for måltid og opphald, må alle rydde etter seg. Fat, koppar og bestikk skal ikkje fjernast frå kantina.
  •  Uteområdet skal vere prega av orden.
  • Søppel og snusposar skal kastast i bossbøttene. HUSK Å SORTERE BOSSET!!
Tips ein ven Skriv ut