5 jenter med bøsser

Raudrussen satt innsamlingsrekord

Russen sin innsats har til no gitt Kreftforeninga over 80.000,- kroner.  

Raudrussen nådde målet sitt med god margin. Dei hadde håpa å klare 40.000,- kroner, men fekk inn det dobbelte, dei to vekene innsamlinga pågjekk. Dei har vore på dørene i Høyanger, på Kyrkjebø, på Sørsida og i Vadheim. I tillegg har dei fått inn pengar via Vipps og Facebook.  Det er fremleis mogleg å gi pengar via Facebook fram til 17. mai.

Pengane i år skal gå til seinskadar etter ei kreftbehandling, ei viktig sak som råkar mange, anten det er famile eller kjende.  Ansvarleg for aksjonen, Kristina Ødegård er stolt over innsaten til medelevane sine og imponert over den store gjevargleda folk har vist.