Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Rådgjeving

Rådgjeving

Skulen har si eiga rådgjevarteneste

Hovudarbeidsfelt

1) Yrkesrettleiing

Vidaregåande opplæring (VIGO)

Elevane får informasjon og rettleiing i høve val av programområde/ studieretning og enkeltfag. Alle får rettleiing og hjelp til søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.

Høgare utdanning

Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar om studieorienteringsdag.

Informasjonsmateriell utanfor klasserommet til 3STA. I tillegg finn ein mykje informasjonsmateriell i tidsskrifthylla i gangen ved spelerommet.

Det meste av høgare utdanning i Noreg har felles opptak gjennom Samordnaopptak. Du finn meir informasjon om høgare utdanning på utdanning.no og veilederforum.no. Ansa gir god og nyttig informasjon om utdanning i utlandet.

2) Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem

Rådgjevar samarbeider med PPT, skulehelsetenesta, NAV og barneverntenesta

3) Tilrettelegging for elevar med spesielle behov

Spes.ped.koordinator og rådgjevar har nært samarbeid med kontaktlærarane for å følgje opp elevar som treng særskild tilrettelegging.

Rådgjevar har teieplikt!

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Astrid Andersen
Rådgjevar
astrid.andersen@sfj.no
57 63 77 50 / 959 47 291