Høyanger vidaregåande skule
Føredrag i klasserom

Psyk2 klassen fekk besøk av mobbeombodet

Tema for dagen var naturleg nok mobbing

I dag fekk psykologiklassen i 3STA besøk av mobbeombod i Sogn og Fjordane, Aina Drage. Ein del av læreplanen i dette faget fokusrar på grupper, roller og mobbing.

Ania tok føre seg korleis ein former og skapar gruppedynamikk gjennom individet sitt behov for å høyre til, og gjennom omgjevnaden sine forventningar.
Vidare fekk klassen ein gjennomgang av sentrale begrep når ein snakkar om mobbing som fenomen; både i skulen og ellers i samfunnet. Mykje godt fagstoff og ein aktiv og deltakande gjeng i 3STA!  
Dette var eit godt supplement til den ordinære undervisninga, og vi satt virkeleg pris på at ombodet tok seg tid til å komme til skulen.

Aina Drage
Aina Drage

Tips ein ven Skriv ut