Psyk 2 elevar snakkar med psykolog via nett

Psyk 2 - besøk via TEAMS

Torsdag 14. mai hadde Psykologi-2 gjengen i 3STA besøk av psykolog Reidar Nævdal frå Helse Bergen. 

Møtet har vore planlagt lenge, og det lot seg gjennomføre nettopp fordi TEAMS og videokommunikasjon har vorte naturleg for oss i korona-perioden. Med kamera og mikrofon i auditoriet, og Nævdal på skjerm, vart dette ei god økt som varte i meir enn ein klokketime.
Utgangspunktet for møtet var at Nævdal m.a. jobbar med e-Meistring. Dette er ein behandlingsform som skjer digitalt der terapeut og pasient kommuniserer mest gjennom meldingar og e-post. Ved Helse-Bergen sin e-Meistrings avdeling er det spesielt fokus på panikklidingar, depresjon og sosial angst. Nævdal kunne òg fortelje at dette er ein krevjande form for behandling for begge partar, men at suksessraten er høg og at pasientane opplever like god relasjon til terapeuten som pasientar i meir tradisjonell behandlingsform. Opne lenka for meir informasjon.

For Psyk2 gjengen var dette eit supplement til undervisninga, som traff godt mtp læreplanmåla. Nævdal fortalte òg ein del generelt om psykolog-yrket, og han delte nokre personlege erfaringar og tankar om kva det vil seie å jobbe med menneske på denne måten. Elevane hadde gode spørsmål som han tok på strak arm. M.a vart han utforda på korleis ein kan bygge ein god psykisk helse hos ein sjølv, og om at det det noko som heiter psykisk første-hjelp. Han nevnte då m.a. arbeidet til Psykologprofessor Arne Holte og hans sju psykiske helserettigheter (sjå lenka; dette er relevant for alle – ikke bare psykologigjengen i tredje klasse).

Psyk2 elevar har nettmøte med psykolog  frå Helse Bergen

Tusen takk til Reidar Nævdal som besøkte oss denne dagen!