Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi og industrifag
Arzinio Son Dela-Cuz

Arzinio Son Dela-Cuz

Positivt miljø for fokusert arbeid i Høyanger

Arzinio Son Dela-Cruz (20) var i ferd med å droppe ut av vidaregåande. No har han funne nytt fokus i Høyanger. Nokre stikkord: Ein liten og inkluderande skule, Hercules Steel – og at han er blitt pappa.

– På ein stor skule er det lett å hamne i eit dårleg miljø, og det er mange distraksjonar, minnest Arzinio. Den unge mannen frå Jølster er no flytta til Høyanger, for å bu nær ungen sin.. 
Det gjer at han har eit litt spesielt utgangspunkt for å fullføre vidaregåande opplæring. Men etter fullført 1. termin på Vg1 Teknikk og industriell produksjon i Høyanger, har han funne seg godt til rette: 
– Lærarane tek omsyn til min situasjon. Eg blir møtt med eit smil, og dei forstår, seier Arizinio. 

Kva er Hercules Steel? 
Ein av grunnane til at Arzinio trivst så godt i Høyanger, er elevbedrifta Hercules Steel. Det er lang tradisjon for at elevane ved Høyanger vidaregåande skule startar ungdomsbedrift, men Vg1 Teknikk og industriell produksjon har i år utvikla eit heilt nytt forretningsområde: 
– I tillegg til hjulskift tilbyr vi no også detailing av bilar. Det betyr at vi vaskar profesjonelt, polerer og voksar bilar for kundar, fortel Arzinio. 
Akkurat no er ein Mercedes Vito inne til full behandling: 
– Her kan eg bruke mine erfaringar; eg kan få bilar til å skine, og kanskje skine litt sjølv også, seier han smilande. 

God støtte frå lærarane
Litt av bakgrunnen for det nye biltilbodet i Høyanger er at ein av lærarane ved mekaniske fag har interesse og kunnskap innan bilpleie. 
– Lærarane våre har masse erfaring, også frå det verkelege livet og industriproduksjon. Det gjer undervisninga interessant. At dei også legg til rette for at vi kan drive med ungdomsbedrifta på fritida, og stiller opp der også, er berre heilt topp, meiner Arzinio. 
Dette bidreg til at Arzinio har funne motivasjon til å arbeide med alle skulefaga – noko som sjølvsagt må til for å fullføre utdanningsløpet: 
– Det er positivt miljø for fokusert arbeid i Høyanger. Det gjer at alle heng med, og at klassemiljøet blir bra, fortel han.
Antonia maskin.jpg
Interessante arbeidsoppgåver: På mekaniske fag arbeider elevar mykje på verkstaden. Foto: Lidvar Berge

– Fleire aktivitetar her
Det gode miljøet gjeld også i friminutta. Høyanger vidaregåande skule er ei kompakt eining med studiespesialiserande, helsefag, elektrofag og mekaniske fag i same bygg. Det gjer at elevgruppa blir samansett av ungdom med ulike interesser, men som likevel finn saman: 
– Det er faktisk fleire aktivitetar har enn på den store skulen eg gjekk på tidlegare, og vi er mykje saman med dei som går på andre studieretningar i friminutta og på fritida, seier Arzinio. 
Kantina på skulen er eit fast samlingspunkt. I tillegg har skulen innreia fleire aktivitetsrom, og dei disponerer også ein musikkbinge i samarbeid med Høyanger kommune. 
Antonio benk.jpg
Det gode miljøet ved Høyanger vgs. gjer at Arzinio stortrives på skulen. Foto: Lidvar Berge

Motivasjon fram mot våren
Fram mot våren har også Arzinio og dei andre elevane eit ekstraprosjekt som motiverer dei til fagleg innsats: Ein gokart. 
– Vi skal få inn ein til også, som vi skal fikse opp igjen, fortel han. 
Målet er å gjere dei klare til våren, slik at heile klassen kan teste dei på bane.
– Dette gir meg verkeleg motivasjon til å arbeide med skulefaga, avsluttar Arzinio. 
Antonio Gocart.jpg
Klar til våren: Gokarten skal reparerast, slik at klassen kan teste den på bane til våren. Foto: Lidvar Berge