Høyanger vidaregåande skule
Plastbestikk

Plastbestikk

Plastutfordringa 2020 har fått ein vinnar!

Det var klassen 3STA/3PÅB som stakk av med sigeren i plasturfordringa ved Høyanger vgs.

Utfordringa og konkurransen mellom klassar og tilsette varte i to veker og i dag var det premieutdeling i kantina for det beste laget. 
Totalt deltok 151 personar ved skulen. Det var ein deltaking på 96%.  Totalt samla vi 65.815 poeng.  Vinnarlaget oppnådde 994 poeng!

Det var koordinator for prosjektet, Kristin S. Råsberg som delte ut diplom og premie, medan Brage og Sindre tok i mot på vegne av klassane.

Sindre og Brage

Premien er pizza til heile klassen!