Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Balestrand, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Masfjorden, Solund og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dersom det er trong for det, kan fleire fagpersonar koplast inn for å gje fullverdig utgreiing og hjelp til eleven/barnet.

Dei tilsette i PPT har fagkunnskap i høve:

  • Pedagogisk kompetanse
  • Psykologisk kompetanse
  • Sosialfagleg kompetanse

Kva gjer PPT?

  • PPT er skulen og barnehagen sin næraste samarbeidspart i spørsmål som gjeld læring og trivsel for elevar
  • PPT er sakkunnig instans i dei høve der lova krev det.
  • ​PPT føretek utgreiingar kring fagvanskar eller andre vanskar hos barn og ungdom. Dei gjev råd til lærarar og foreldre om tilhøve som gjeld opplæringa.
  • PPT samarbeider nært med skuler og har pedagogiske drøftingar med rektor, rådgjevar og kontaktlærarane på skulen. Dei vitjar og klassar.
  • PPT arbeider med einskildelevar og med klassar. Det er viktig å sjå eleven i samhandling med miljøet.

Korleis ta kontakt:?

Når foreldra ønskjer kontakt med PPT er det vanlegast at dette vert ordna gjennom skulen. Foreldra har og høve til å kontakte PPT direkte.

Samarbeid med andre

PPT samarbeider med dei andre hjelpeinstansane i kommunane (helsestasjonen, legane, barnevernet, fysioterapeutane), på fylkesnivå med t.d. Sentralsjukehuset (psykiatrisk poliklinikk og barneavd./barnehabilitering) og på statleg nivå med Statleg Pedagogiske Støttesentra. PP-tenesta kan difor hjelpe deg med å kome i kontakt med desse instansane.

PPT kan kontaktast i høve

  • generell utvikling hos barnet
  • psykisk helse hos barnet
  • familievanskar
  • den sosiale og emosjonelle utviklinga
  • språkutviklinga
  • åtferdsvanskar
  • lærevanskar, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar
  • konsentrasjons- og merksemdsproblem

PP-tenesta er gratis for elevane og foreldra.

Alle som arbeider i PP-tenesta har teieplikt.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Astrid Andersen
Rådgjevar
astrid.andersen@sfj.no
57 63 77 50 / 959 47 291