Ungdommar oppstilt

Ungdommar oppstilt

Påskeverkstad

Tysdag 4. april inviterte miljøkoordinatoren til påskeverkstad på skulen

Vel 30 elevar fordelt på 10. klassingar, vidaregåande og Høyanger norsksenter deltok på verkstaden saman med seks tilsette.  Det vart måla mange flotte påskeegg som no er hengt opp i kantina. Ei gruppa baka rundstykke til påskefrukosten, som vi skal ha seinare i veka, og ei anna gruppa laga pizza.  Det var og arrangert rebusløp kor ein kunne vinne påskeegg med litt snop oppi. Etterpå samla vi oss i kantina for å ete god, heimelaga pizza ala Vigdis. Ein veldig triveleg kveld med mange kjekke ungdommar. Takk til alle som deltok.

Under finn du bilete frå kvelden (foto: Torill Thorbjørnsen)

Påskeverkstad 2 Ingrid og Hilde Johanne

4 ungdommar lagar pizza Pizzagjengen!

3 ungdommar løyser rebus Rebusløp

3 ungdommar har funne premien (påskeegg) Rebusen er løyst!

Vi et pizza Fellesskap og eit flott tre!