Høyanger vidaregåande skule
Havregrøt med bær

Havregrøt med bær

Oppstart med gratis skulefrukost

Vestland fylkeskommune tilbyr elevane i den vidaregåande skulen gratis skulefrukost

I dag var det første dagen elevane ved Høyanger vgs fekk nytte seg av tilbodet.  Menyen var havregraut. Vel halvparten av elevane kom til frukost. Veldig kjekt!
Her er nokre bilete:

Elever forsyner seg med graut 2 elever et graut i kantina

Elever et frukost i kantina Elever et frukost i kantina

Før haustferien vert det gratis frukost to gongar for veka; tysdagar og tordagar. Etter haustferien vert det frukost måndag, ondsag og fredag dei vekene elevane går kvar dag, og tysdag og torsdag dei vekene det er møtefredag og elevfri.

Skulen vil variere mellom havregraut og brødmat. 
Frukosten er tilgjengeleg mellom kl. 08-08:30.

Det er viktig at elevane vaskar seg på hendene før dei tek seg mat og at dei held avstand.

GOD FRUKOST!