Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta er for deg som:

  • Ikkje har søkt skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring
  • Ikkje tek imot skule- eller læreplass
  • Ikkje er i varig arbeid
  • Sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakt

Kva kan Oppfølgingstenesta gjera for deg?

I samarbeid med vidaregåande skular og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) kan OT gi råd om opplæring/arbeid..

OT kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Praksisplass
  • Ordinær skuleplass
  • Deltidsplass
  • Plass på ulike kurs
  • Kombinasjon skule/arbeid

HUGS du må, til vanleg, ta ut retten din til vidaregåande opplæring i løpet av 5 år etter grunnskulen. I visse høve kan ein søkje om unntak frå denne regelen.

Dersom du ynskjer hjelp eller treng fleire opplysningar kan du ta kontakt med Astrid Andersen, OT-koordinator for kommunane Balestrand, Høyanger, Gulen og Solund.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Astrid Andersen
OT-koordinator
astrid.andersen@sfj.no
57 63 77 50 / 959 47 29