Logo reodorgarasjen

Offisiell opning av Reodorgarasjen

Høyanger vgs inviterer til opning onsdag 4. april kl. 17:30

Det er ordførar Petter Sotrland som står for opninga av Reodorgarasjen i Høyanger.  Lokala finn du i den gamle ambulansegarasjen som ligg i "hesteskoen" mot Høyangerhallen. Offisiell opning kl. 17:30. Deretter startar arbeidet med å bygge arbeidsbenkar. Flott om du tek med deg ein drill (bits T20 og T30)

Alle er velkomne til opninga. Vi oppmodar foreldre/føresette til å vere med borna sine, da intensjonen er at garasjen skal drivast av foreldre og andre som har interesse av å bidra.

Arrangement på facebook

Flygeblad