Logo reodorgarasjen

Nytt og spanande tilbod i Høyanger

Gjer kvardagen meir spannande og finn opp noko nytt – entreprenørskap i praksis!

Reodorgarasjen starter opp ganske snart i lokaler ved Høyanger vidaregåande skule med opning like over påske. Høyangerskulen 1-13 vil samarbeide med fleire aktørar for å sette fokus på realfag, yrkesfag og kreative fag.
I første omgang skal garasjen drivast av teknologiinteresserte foreldre, lærarar og andre som har interesse av å bidra, men vi vil og hente inn folk utanfrå på fagfelt der vi ikkje har kompetanse.  Kanskje besteforeldre eller andre i familien vil være med?
Dette vil vere eit tilbod for foreldre/foresatte og barn saman på ettermiddagstid, men kan og nyttast for 1. klasse til vg3-nivå i skuletida td i valfag, arbeidslivsfag, yrkesfagleg fordjuping, naturfag og realfag.

Inspirasjonstur til Førde

Vi oppmodar foreldre/besteforeldre som er interesserte i teknologi å ta med barn og unge og bli med på inspirasjonstur til Reodorklubben i Førde. Ta gjerne eigen bil. Besøket skal gje oss idear til kva vi kan gjere i garasjen vår!
Dato er torsdag 22. mars. For dei som ikkje har bil set vi opp gratis buss frå Høyanger vgs (v/parkeringsplassen) til Førde. Avreise frå Høyanger vgs. kl. 17:00, med retur frå Førde kl. 20:00. Påmelding via Reodorgarasjen si Facebookside. Har du spørsmål ta kontakt med Ståle Walsvik på mobil 993 98 989.